Lånereglar
Lånerett:
- Alle har rett til å låne gratis frå biblioteket, du får lånekort mot å vise legitimasjon
- Institusjonar blir registrert ved ein ansvarleg person
- Barn under skulepliktig alder låner på føresette sitt lånekort
Delar av biblioteket sine samlingar er ikkje til heimlån, berre til bruk på staden.
Brot på lånereglane kan medføre tap av lånerett.
Lånetid:
- Lånetida er normalt 4 veker, men det kan vere unntak, t.d er lånetid på
video 1 veke. Lån kan vanlegvis bli forlenga inntil 3 gonger, dersom
materialet ikkje er reservert for andre.
Fornying:
- Kan skje ved frammøte på biblioteket, via telefon, e-post eller internett.
Reservering:
- Materiale som er utlånt kan som regel reserverast. Det blir sendt melding
når materialet kjem, med ei frist for å hente.
Tinging:
- Bøker vi ikkje eig sjølve prøvar vi å skaffe frå andre bibliotek.
For slike lån gjeld lånereglane til eigarbiblioteket, inkludert satsar for
erstatning/gebyr.
Ansvar:
- Lånar er ansvarleg for det som blir lånt på eige lånekort.
- Hugs lånekort når du skal låne.
- Meld adresseendring og tap av lånekort til biblioteket.
Bøker o.a som ikkje er levert før lånetida er ute, vert purra. Det vert sendt 3
varsel før evnt. erstatningskrav.
Tapt eller øydelagte materiale må erstattast etter fastsette satsar.
Særskilde reglar:
- Video/dvd lånt på biblioteket er til privat bruk, og det er lånaren sitt
ansvar å fylgje aldersmerking.
- Biblioteket er ikkje anvasleg for skader som måtte oppstå på teknisk
utstyr ved bruk av lånt materiale, t.d video og kassettar
Sist oppdatert 18.01.2010