Flyktningpolitikk
Seljord kommune avgjer sjølv om dei vil ta imot flyktningar eller ikkje. IMdi kjem årleg ut med henstillingar til kommunane om å busette flyktningar. Flyktningkonsulenten legg ei fagleg tilråding fram for rådmannen, denne er grunnleg for ei sak til kommunestyret. Vedtak om busetting av flyktningar blir fatta av kommunestyret.
Alle flyktningane som kjem til Seljord, løyser ut eit integreringstilskot frå staten. Tilskotet held fram i fem år etter at flyktningen har flytta til kommunen.
Sist oppdatert 30.09.2011