Kart og oppmåling
Seljord kommune har dei siste åra hatt eit gjennomsnitt på ca. 50 – 60 nye oppmålingssaker i året. Ei frådelingssak kan ha fleire ”milepælar” som er med på å gjere at sakshandsamingstida kan virke lang. Her kan ein nemne ting som uttale hjå vegmyndigheit og fylkesmannen, planutvalsbehandling, naturgjevne forhold som vinter med mykje sno osv., så det er ikkje slik at samla medgått tid heilt og halde er i sakshandsamars sine hender.
Seljord kommune disponerar moderne GPS/Glonass satellitt landmålingsutstyr frå Topcon til å utføre landmålingsarbeid med. I tillegg har kommunen eigen totalstasjon. Kommunen har heildekkande digitale kartdata som ein kan få innsyn i ved å bruke kartportalen i Vest-Telemark. Euref89 vart innført som geodetisk grunnlag i kommunen frå 06.02.2006.
Kart over Vest-Telemark.
Du kan zoome deg inn på den einskilde kommune, eller eigedom om du ynskjer det.
For meir detaljert kart så kan du gå inn her
Sist oppdatert 03.01.2013
KONTAKTINFORMASJON Bjørn Arild Hagen
Oppmålingsingeniør
Telefon: 35 06 51 62
Send e-post
Adresse: Brøløsvegen 13A, 3840 Seljord