MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Ny Plan og bygningslov 1. juli 2010.

Info om byggjesøknader til Seljord kommune.
Frå 1 juli 2010 gjeld den nye Plan og bygningslova med nye føresegner. Dette har ført til ny versjon av Byggsøk-bygning som du finn her. I tillegg har Seljord kommune kjøpt inn nye byggeskjema som du finn her.

Berre søknader - melding gjeng ut.
Fram til 1. juli var det slik at ei gruppe enkle byggjetiltak bare var meldepliktige, til dømes å byggje garasje. I den nye lova skal alle saker handsamast som søknader. Det blir derimot eit skilje mellom søknader som krev ansvarleg føretak, og søknader utan ansvarleg føretak som kan gjennomførast av eigar/tiltakshavar sjølv. Søknader utan ansvarleg føretak tilsvarar dagens meldepliktige tiltak, og er ei vidareføring av gjeldande reglar.

Nabovarsel - minst 2 vekers frist for merknader.
Som før skal alle naboar og gjenbuarar varslast før søknad vert sendt inn.
NB! På festetomt skal både eigar og festar bli varsla. Søkjar/tiltakshavar må gje ein frist på minst 2 veker for merknader til nabovarselet. Søkjar eller tiltakshavar er sjølv mottakar av eventuelle merknader til nabovarselet. Det er nytt at dette gjeld alle typar søknadspliktige tiltak etter §20-1 og §20-2. Nytt er det og at nabovarsel berre er gyldig i eitt år. Vert søknaden sendt inn seinare enn eitt år etter utsending av nabovarsel, så skal det sendast nytt nabovarsel til alle.

Tiltak unnateke søknadsplikt.
Nokre tiltak vil framleis vera unnateke søknadsplikt, såframt tiltaket er i samsvar med plan. Døme på slike tiltak kan vera mindre frittliggjande bodar, levegg eller støtte innafor visse avgrensingar. For ein detaljert oversikt over tiltak unnateke søknadsplikt, sjå byggjesaksforskrifta §§ 4-1 til 4-3.
Merk at tiltaket må vera i samsvar med plan for å vera unnateke søknadsplikt, sjå plan- og bygningslova § 20-3. Er tiltaket ikkje i tråd med plan, t.d byggjegrense og føremål, så må tiltaket søkjast om.

Ferdigattest for alle søknadspliktige tiltak.
Nytt i den nye lova er at alle søknadspliktige tiltak krev ferdigattest, og tiltak som eigar/tiltakshavar står for sjølv. Ansvarleg søkjar skal senda inn ein søknad om ferdigattest, som er ein dokumentasjon/ stadfesting på at tiltaket er bygd i samsvar med løyvet og plan- og bygningslova. Ferdigattest markerer kommunen si avslutting av saka.

Overgangsordningar:

  • Reglar om kontroll i ny plan- og bygningslov gjeld frå 1. juli 2011, slik at det skal bli tid til å få godkjent kontrollføretak.
  • Byggjesaksforskrifta gjeld frå 1. juli 2010.
  • Reglane om kontroll gjeld frå 1. juli 2011.
  • Den tekniske forskrifta, TEK10, gjeld frå 1. juli 2010.
  • I perioden 1.juli 2010 til 1.juli 2011 er det valfritt å fylgje TEK 10 eller TEK 07

Sjå elles informasjonsskriv frå BE: Nye byggjereglar - Kva så?

Her finn du dei nye reglane - gjeldande frå 1. juli 2010

Sist oppdatert 19.12.2013