Arbeid og næringsliv

Foto: Kinesisk delegasjon frå Hubai på Dyrskun 2009.
Seljord er handelssenteret i Vest-Telemark og har eit variert næringsliv med mange ulike bedrifter og arbeidsplassar. Aktive grender og eit moderne sentrumsmiljø gjev grunnlag for ein spennande arbeidsmarknad. Saman med kommunale, regionale og statlege tenestetilbod, vil du finne eit mangfald av arbeidsplassar.
I ei analysa ”Kulturmagneten” gjort av Telemarksforsking-Bø v/Knut Vareide er det skrive (utdrag):
”Seljord er ein ”næringsrik” kommune. Ingen andre kommunar i Telemark har så mange tilsette i privat sektor per innbyggjar som Seljord. Talet på tilsette i privat sektor tilsvarar 40,1% av talet på innbyggjarar i kommune. Seljord har ein stor del av arbeidsplassane i handel, forretningsmessig tenesteyting, transport, bygg og anlegg og hotell og restaurant. Samtidig er det svært liten del av arbeidsplassar i industrien. Seljord har næringsprofil som eit utprega handels- og servicesenter.”
På næringskontoret er det i dag 2,6 årsverk. Ta kontakt med oss om du ynskjer å starte eiga bedrift eller flytte bedrifta di til Seljord. Me har eit godt apparat som vil hjelpe deg på veg. Kommunen ynskjer å ha aktive bedrifter som skaper arbeidsplassar og dermed vekst i området. Næringskontoret kan by på rettleiing ved etablering av verksemder i kommunen, samt i visse høve tilby tilskot frå det kommunale næringsfondet, jf vedtekter for næringsfondet.
Velkomen til å ta kontakt med oss!
Sist oppdatert 15.12.2009