Tettstadprisen til Seljord kommune
Seljord kommune har fått tildelt tettstadprisen for 2009 av Telemark Fylkeskommune. Prisen blei delt ut av Fylkeordførar Gunn Marit Helgesen under Seljorddagane 25.juni. Det er 2. gang Seljord får denne prisen.
Prisen er eit spesiallaga kumlokk frå Ulefoss Jærnverk designa i samarbeid med Halvor Holtskog, og ein gåvesjekk på 50.000 kroner. Kommunen får prisen for arbeidet med å knytte soger, lokal identitet og kultur inn mot stedsutvikling og næringsutvikling gjennom prosjektet Seljord og Sogene.
Prisen blei overrakt under Seljorddagane under eit arrangement i Lomoddokki. Det var ordførar Solveig Abrahamsen som tok i mot prisen på vegne av kommunen.
Du kan lese talen til Fylkesordførar her.
Sist oppdatert 21.12.2011