Gå til innhold

Planprogram for rullering av kommunedelplan for Seljord sentrum – høyringsforslag.

Kommunestyret i Seljord handsama i møtet 18.02.10, sak 1/10, høyringsforslag ”Planprogram for rullering av kommunedelplan for Seljord sentrum”.

Det eksisterar i dag ein kommunedelplan for Seljord sentrum som vart godkjent i 1991. Sidan den tid har mange føresetnader endra seg og ein bør no sjå over planverket og oppdatere dette.

Føremålet med planen er attraktiv stadutvikling. I denne planen vil dette vere definert som summen av komponentane næringsutvikling, Seljord som stoppestad, attraktive bustadtomter og kommunikasjon. Viktige rammer for dette vil blant anna vere landbruksinteresser, miljø, folkehelse og samhandlingsreforma.

I medhald med Pbl § 4-1 og § 5-2 vert høyringsforslag til planprogram lag ut til offentleg ettersyn på sentralbordet, kommunehuset i Seljord, samt på kommunen si heimeside her

Eventuelle innspel må sendast til Seljord kommune innan 9. april 2010: Seljord kommune, Brøløsvegen 13 A, 3840 Seljord eller på e-post til:
post@seljord.kommune.no

Nærare informasjon kan ein få ved å hendvende seg til plansjef Harriet Slaaen eller teknisk sjef Kåre Groven på telefon 350 65 100.


Helsing Rådmann.

Sist oppdatert 22.03.2010