Aktuelt
03.02.2012
Hovet
Det er fantastiske klare og kalde dagar for tida. Nokre stader er det kanskje litt vel kaldt, men det er absolutt mogleg å ta seg nokre fine skiturar. Vi har ei eiga side om skibygda Seljord, gå inn der og sjekk kor det er mogleg å dra på tur i helga. Det blir køyrd opp løyper mange stader.
03.02.2012
Seljord kommunevåpen
Frå 1.august er det ledig 100 % fast stilling som styrar i Flatdal barnehage. Søknadsfrist er 14.februar. Barnehagen vil bli utvida og rehabilitert i løpet av våren, og den som blir tilsett må rekne med å bli involvert i denne prosessen. Målet er å vere ferdig med utbygginga til oppstart av nytt barnehageår 15.august.
03.02.2012
Onsdagar og fredagar frå veke 4 startar eit nytt busstilbod for dei som bur i Tømmeråsen, Gravshaugan og i Bringsås. Kjetils turbuss/maxitaxi vil køyre frå Telesenteret kl 16.15, og køyrer via Rema 1000 og buss-stasjonen opp til boligområda og tilbake til sentrum. Tilbodet vil koste 30,- kvar veg.
03.02.2012
Seljord kommunevåpen
Seljord kommune har ledig stilling som personalsjef frå 18.mai 2012. Stillinga er sentralt plassert i den kommunale verksemda. Søknadsfrist er 18.februar.
30.01.2012
Lokaldemokrati
Hendelser
Kva skjer?