Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ledige stillingar

Vil du jobbe i Seljord kommune?

Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, folkehøgskule, kulturskule, symjehall og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.

Andre stillingar i Seljord og omegn - sjå arbeidsplassen.nav.no

Søk elektronisk

Vi gjer merksam på at Seljord kommune berre tek i mot elektroniske søknadar. Du finn lenke til elektroniske søknadsskjema i utlysingsteksten til dei einskilde stillingane.

Vi har fått tilbakemeldingar om at skjemautfylling av og til kan vere litt utfordrande. Vi ser at utfyllar sin pc, nettverk, trådløst nett, nettlesar, mobil o.l. kan gjere det vanskeleg. Vi rår difor søkarar til å sende inn søknad via gode nettverk og pc-utstyr.
Det kan og vere lurt å ha klar ein cv i dokumentform på pc'en viss systemet ikkje fungerer, slik at den kan lastast opp istadenfor å fylle ut alle linene på cv'en.

Det er og lurt å mellomlagre undervegs. Dersom ein ser at ein bruker lang tid på å fylle ut skjemaet, kan ein ved jamne mellomrom, nytte seg av denne funksjonen for å sikre at ikkje informasjon går tapt. Ved at innsendar trykker på “Avbryt / Lagre”-funksjonen som ein finn på kvar side i skjemaet, vil ein få oppgitt eit referansenummer ein seinare kan logge inn med for å fullføre utfyllinga og deretter sende inn. Utfylt informasjon vil då bli mellomlagra, og når innsendar då loggar inn på nytt med oppgitt referansenummer, vil tidligare utfylt informasjon ligge i skjemaet.

Sjøormtårnet i kveldssol