Fakta om kommunen
Informasjon om Seljord kommune
Seljord - rik på natur og kultur!

Seljord kommune ligg midt imellom aust og vest; 17 mil frå Oslo, 28 mil frå Haugesund og 2,8 mil frå Bø. Seljord sentrum er eit trafikknutepunkt med bussekspressar som syter for god kommunikasjon med omverda, t. d. Oslo, Bergen, Grenland og Torp.
Kommunen er 711 kvkm stor og har i underkant av 3000 innbyggjarar.
Næringslivet:
Seljord er handelssenteret i Vest-Telemark, men det er framleis godt om plass til nye etableringar og arbeidsplassar, i sentrum og på ulike industriområde. Kommunen har eige næringsfond og ligg i sona for redusert arbeidsgivaravgift.
Målsetjinga for nærings- og tiltaksarbeidet er å vidareutvikle Seljord som regionalt handels-, teneste- og produksjonssenter, leggje tilhøva til rette for nyetablering og vidareutvikling, og å sikre eit lønsamt landbruk med utvikling av attåtnæringar saman med ei god naturforvaltning.
Bumiljø, oppvekstkår, utdanning og fritidstilbod:
Seljord er "den gode bustaden" med tilbod om byggjeklare tomter i alle prisklasser og storleikar; frå 10.000,- til 150.000,-, frå 1 mål til 8 mål.
Ein finn trivelege byggjefelt med god plass, nærmiljøanlegg og leikeplassar, turstigar og skog.
Det er trygge oppvekstkår i kommunen, full barnehagedekning, barneskular i Åmotsdal og Flatdal, og barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule og folkehøgskule i Seljord sentrum.
Ei mengde ulike lag og organisasjonar som femner dei fleste interesser og sider innan kulturlivet, gjev tilbod heile året igjennom.
I tillegg til fleire grendehus, har Seljord Granvin Kulturhus, regionalt kulturhus for Vest-Telemark, med teater-, konsert- og kinosal og idrettshall.
Godt utbygde anlegg og område for idrett, symjehall og gode tilbod til natur- og friluftsinteresserte, sommar og vinter, i lunt lågland, på badestrender og i turterreng i skog og fjell, gjev rike moglegheiter for fysisk aktivitet.
Kunstforening, kunstsalong, galleri, kunstmuseum, målarklubb og handverkstun med årlege sommarutstillingar og og andre kulturtilbod, syter for at mange turistar finn vegen til Seljord. Likeins med Dyrsku`n, fesjået som blei arrangert fyrste gong i 1866; over 70.000 vitjar Dyrskuplassen i løpet av tre septemberdagar! Plassen nyttast òg til å arrangere m. a. Nordens største countryfestival, dansebandfestival og trekkspelfestival og ymse leirar og stemne.
Tradisjonar:
Gjennom kunsthistoria har mange målarar og andre kunstnarar funne motiv og inspirasjon i Seljord.
Seljord kan hauste av ein av landet sine rikaste og mest levande folkemusikk- og folkekunsttradisjonar.
Mykje av det som i dag blir rekna som nasjonal kulturarv, er henta frå kommunen, m.a. eventyr, soger og segn.
Sjøormen er ein sentral del av Seljord si kulturhistorie. Ein finn skriftlege kjelder heilt attende til 1700-talet. Mange "vettuge" og truverdige personar har sett "noko" dei ikkje kan forklare.
Sist oppdatert 03.11.2011