Kommunale vegar
Det er omlag 52 km. med kommunale vegar i Seljord. Vegnettet inneheld både asfalterte vegar, vegar med oljegrus og vegar med grusdekke. I tillegg er det 9,9 km med g/s-vegar/fortaug, de kommunen har ansvaret for å drifte 7,2 km.
Sommarvedlikehald
Sommarvedlikehaldet vert i all hovudsak utført av lokale entreprenørar.
Vintervedlikehald
Vintervedlikehaldet er sett bort til lokale entreprenørar. Dei som har kontrakt på brøytinga har og ansvaret for strøyinga på dei forskjellige rodane.
Teleløysing
I periodar med teleløysing vert det innført aksellastrestriksjonar på dei fleste vegane. Restriksjonane vert annonsert i dei lokale avisene og maks aksellast kjem fram av skiltinga på kvar enkelt veg. Etter Veglova er det Statens vegvesen som har mynde til å gje dispensasjonar, men det vert i utgangspunktet ikkje gjeve dispensasjonar anna enn buss i rute og renovasjonsbil.
Sist oppdatert 16.12.2011