Språkpraksis

Flyktningar og innvandrarar som er i målgruppa for introduksjonsprogram skal ha eit heiltidstilbod frå kommunen. Den tida dei ikkje får skuleundervisning, skal dei vere ute på ein arbeidsplass som gjev høve til å nytte språk i praksis. Språkpraksis er ein del av undervisninga. Deltakarar som har rett til introduksjonsprogram, har og plikt til å delta på språkpraksis.  Ein deltakar i språkpraksis skal ikkje erstatte ein vanleg arbeidstakar. Deltakaren skal vere i tillegg til den vanlege arbeidsstokken. Deltakaren skal kunne tilføre ein arbeidsplass to ekstra hender, og få praktisk språkpraksis attende. 
Ei verksemd som tek imot deltakarar i språkpraksis blir følgd opp og rettleia av lærarar på vaksenopplæringa.

Språkpraksisplassar i 2007:

  • Badet barnehage   1 stk    
  • Seljord heildagsbarnehage    1 stk 
  • Bjørge gard     2 stk.
  • Prestegarden    1 stk
  • Midt-Svartdal gard     1 stk
  • Nedre Lien gard     1 stk
  • Nesbukti pleie- og omsorgssenter     1 stk
  • SFO ved Seljord barneskule        1stk.
  • Seljord barneskule     1 stk
  • Seljord ungdomsskule    1 stk
  • Heddeli bu og servicesenter    1 stk
  • DPS Kjøkken    1 stk
  • Granvin kulturhus    1 stk
  • Seljord Vin    1 stk

Vaksenopplæringa har behov for minst 6 språkpraksisplassar til.

Sist oppdatert 19.12.2007