Tilbod

Om dei enkelte tilboda:

  • KVEDING: Her er det høve til å koma inn i Telemarks rike kvedartradisjon
  • SONG: Opplæring i stemmebruk og songteknikk. Det kan arbeidast med songar i ulike tradisjonar.
  • STRYKEINSTRUMENT: Undervisning blir gjeve på hardingfele, fiolin og bratsj. Det kan òg gjevast grunnopplæring på cello. Fiolin og hardingfele kan leigast av kulturskulen. Ein tek atterhald om tilstrekkelege instrumentressursar. Det er høve for alle som spelar hardingfele til å søkje om opptak i juniorspelemannslaget.
  • BLÅSEINSTRUMENT: Her er det fleire instrument å velje i. Undervisning kan bli gjeve på kornett, trompet, horn, trombone, baryton, saksofon, fløyte og klarinett. Instrument kan som oftast leigast gjennom korpsa. Ein tek atterhald om tilstrekkelege instrumentressusar.
  • PIANO: Kulturskulen vil sterkt tilrå at eleven har piano heime. Dersom eleven ikkje kan disponere piano i fritida, kan keyboard brukast i ein startfase. Kulturskulen kan gje råd om innkjøp.
  • GITAR/BASS: Undervisning blir gjeve på akustisk gitar, el-gitar og el-bass. Det arbeidast med forskjellige sjangrar, men hovudsakleg innanfor rytmisk musikk (pop, rock, blues) Eleven må disponere instrument sjølv. Dei elevane som søkjer el-gitar og el-bass bør også disponere forsterkar heime.
  • TREKKSPEL: Undervisninga blir gjeve både på knappespel og pianospel. Undervisninga kan i nokre høve bli knytta opp mot samspel med juniorspelemannslaget.
  • SLAGVERK: Det blir gjeve grunnopplæring på skarptromme. Det er også høve til å lære trommesett, latinamerikansk perkusjon og litt melodisk slagverk. Øvingstromme kan lånast av kulturskulen, men eleven bør etter ei tid disponere instrument sjølv. Ein tek atterhald om tilstrekkelege instrumentressursar.
  • BARNEKOR: (t.o.m. 6. klasse): Barnekoret er ein fin stad å starte dersom ein er glad i å synge og om ein seinare vil lære å spele eit instrument. Koret deltek på ymse konsertar og arrangement i løpet av eit skuleår.
  • JUNIORSPELEMANNSLAG: Dette samspeltilbodet i folkemusikk er for deg som vil spela hardingfele. Undervisninga er knytta opp mot Seljord spelemannslag.
  • BAND: Dette er eit tilbod for elevar som har spelt ei stund. Samstundes gjev det høve til å praktisera det ein har lært tidligare.
  • KORPS: Dersom ein vil spele blåseinstrument eller slagverk i kulturskulen kan ein også bli aspirant i enten Flatdal skulekorps eller Seljord skulemusikk. Korpsa har eigne opptak.

Sist oppdatert 04.12.2009