Tilbod vaksne

Seljord kulturskule går ut med eit tilbod for vaksne også for skuleåret 2009/2010.
I inneverande skuleår har me to grupper på gitar og ei gruppe på piano.

Tilbodet er retta mot deg som:
Har spelt eit instrument for lenge sidan, og ynskjer å ta opp igjen ”det tapte”, sjølv om fingrane har stivna litt sidan sist

  • Ynskjer å lære eit instrument frå botnen av
  • Vil lære å akkompagnere til allsongar ved hjelp av besifring
  • Har instrument som ligg og støvar ned heime
  • Vil spele saman med dei yngre i familien
  • Å ha det moro med musikk
  • Kulturskulen har valt å gje tilbod i 3 disiplinar:

Piano/besifring: I denne gruppa vil vi leggje vekt på opplæring i akkordspel/besifring, å kunne akkompagnere til enkle songar og viser. Me kjem til å nytte ein spesiell flytspel-metodikk. Det er ein fordel om du kan litt notar i G-nøkkel frå før, og at du kan telje til 5. Mange har eit piano, orgel eller keyboard heime som kan brukast. Elles er teknologien så godt utvikla i dag at ein får gode, elektroniske instrument til ein rimeleg penge. Lærar er Tore Sognefest.

Gitar: Dei fleste har ein gitar liggjande, og det er eit rimeleg instrument som har stor bruksverdi i ymse sosiale samanhengar. Her vil ein leggje vekt på å lære seg ulike grep og speleteknikkar som er retta mot kjende songar og viser. Lærar er Jo Henning Kåsin.

Hardingfele: Her er det viktig at du har eit instrument liggjande eller kan låne av nokon, sidan alle instrumenta vi disponerer i kulturskulen for tida er på utlån. Vi ynskjer at fleire vaksne kan vere med å stimulere det flotte hardingfelemiljøet i bygda. Lærar blir Sara T. Fjågesund eller Ragnhild Knudsen.

Pris:

Desse gruppene blir sett opp til sjølvkost. Dersom det er 4 på gruppa som delar ein undervisningstime på 40 minutt, blir kostnadane omlag 100,- per gong. Over 37 veker blir dette 3.700,- for eit skuleår, eller 1.850,- i halvåret.

Søknad

Meld deg (og gjerne naboen) på via søknadsskjemaet til kulturskulen, eller på det elektroniske søknadsskjemaet på www.kulturskolen.no. Du kan også søkje via Seljord kommune si heimeside www.seljord.kommune.no

Sist oppdatert 11.10.2011