Gjeldsrådgjeving
Gjeldsrådgjevinga i Vest-Telemark er eit samarbeid mellom alle kommunane. Ei fast stilling på 60 prosent blir betala av kommunane etter ei fordeling i forhold til innbyggartalet.
Gjeldsrådgjevar for dei seks kommunane i Vest Telemark er Berit Valhovd.
| Arbeidstid: |
måndag, onsdag og fredag. |
| Kontakt: |
Nav kontoret eller direkte på telefon 902 46 243. e-post adressa er: berit.valhovd@nav.no
|
Berit Valhovd møter folk til samtale på Nav kontoret i den kommunen dei bur.
Saksgangen er ofte slik:
- Gå igjennom alle papir som dokumenterer både inntekter, utgifter og gjeld.
- Finne ut kva moglegheitar og kva avgrensingar ein står ovanfor?
- Kontaktar kreditorar og informerar om den vanskelege økonomiske situasjonen vedkommande er i, og ber om betalingsstopp eller utsetting.
- Vidare må vi sjå på kvardagssituasjonen og setje opp budsjett for ikkje å opparbeide ytterlegare gjeld.
- Herfrå arbeidar vi mot eit mål vi set oss om for eksempel refinansiering, nedbetalingsavtaler eller eventuelt ei gjeldsordning.
Sist oppdatert 04.02.2011