Avdeling for demente (Veslestogo)

Informasjon om avdeling for demente ved Nesbukti pleie-og omsorgsenter

Avdeling for demente (Veslestogo) har i dag 6 plassar.Pasienten si hoveddiagnose er demens, og diagnosen bør vera stilt før innkomst. Er ikkje dette gjort, startar utredning snarast råd. Veslestogo er ei avdeling som legg vekt på ro, trivsel og eit lite miljø. Kvar bebuar har sin faste primærkontakt. Kontakten har ansvar for å tilrettelegge opphaldet på best mogleg måte og halde kontakt med pårørande. Me legg vekt på at det skal vera så tilnærma heime som råd, og det er mogleg å ta med private møblar osv til rommet. Individuelle ynskje og behov vert tilrettelagt så langt råd er. Familie og venner er velkomne til avdelinga.

Målsetjing for avdelinga: 

        Du som bur i avdelinga, skal føle deg trygg. 

        Det skal vera godt å bu her.
    
        Du skal føle deg respektera. 

        Du skal ha mogleghet til å halde vedlike det du klarar sjølv.

Seljord Kommune har eit demensteam som bestend av lege og 2 sjukepleiarar. Me gjer enkel utredning av pasientens tilstand. Ellers gjev me råd og informasjon om demens-sjukdommen båe til pårørande og andre berørte.

Har du spørsmål, kontakt avd. leiar Torunn Reinstaul Tlf: 35 05 84 24

Sist oppdatert 15.09.2011

KONTAKTINFORMASJON  

Torunn Reinstaul
Avdelingsleiar 
Telefon: 35 05 84 24
Send e-post  
Adresse: Nesvegen 10, 3840 Seljord