Sjøormen

Soga om Sjøormen

Seljord og sjøormen

Av Peter Fjågesund

Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vore knytta til eventyr, folkeviser, fantasi og skapartrong, ligg Seljordsvatnet og rugar på sin store løyndom. Kva er det eigentleg som gjøymer seg under den blåe, venlege overflata?

Sjøormkort

I 250 år, og truleg enda lenger, har folk hevda å ha sett eit stort og ormeliknande dyr i Seljordsvatnet. Den fyrste skriftlege omtala går tilbake til 1750. Då skulle Gunleik Andersson Verpe frå Bø ro eit flyttelass frå Ulvenes til Nes. Då han var midt ute på vatnet dukka det opp en sjøorm som gjekk til åtak på den eine av dei to pråmane hans og kvelvde han.

Korleis det gjekk med Gunleik Andersson Verpe seier ikkje soga noko om. Nokre tiår seinare, i 1786, fortel Hans Jacob Wille om ein merkjeleg skapnad i boka si, Beskrivelse over Sillejords Præstegield i Øvre-Tellemarken i Norge. Wille seier ingenting om storleiken på dyret, men han "skal være meget rar, men derhos den forgiftigste av alle. Den gaaer under Vandet, som en Aal, og for endeel Aar siden hug den en Mand i sin store Taae, medens han barbenet vadede over Laxhøl Elven". Seinare har fleire hevda at dei har rodd på sjøormen, atter andre at dei har sett eit stort dyr som har glidd ut frå strandsteinane og ned i vatnet. Somme samanliknar hovudet med det til ei krokodille, andre med hovudet til ein hest eller ein elg. Somme ser eit dyr på nokre meters lengd, medan andre talar om lengder på på både 30 og 40 meter. I alle høve er det snakk om svært mange observasjonar, i gjennomsnitt fleire kvar sommar. Ikkje minst gjennom dei siste tiåra har det vore mange observasjonar, og nesten alltid på den varmaste tida midt på sommaren.

Nå er ikkje sjøormar berre eit Seljords-fenomen. Sjøormar har vore sett praktisk talt over heile verda, og langs norskekysten har det i fleire hundreår vore sett store og uforklarlege sjødyr. Faktisk er denne kyststrekninga spesielt rik på observasjonar, også i verdsmålestokk. Olaus Magnus (1500-talet), Erik Pontoppidan d.y. (1700-talet) og mange andre har gjeve til dels detaljerte og dramatiske skildringar av korleis dei ymse skapnadene såg ut. Ikkje minst frå 1800-talet finns det mange observasjonar, medan det frå vårt eige hundreår er heller få. Også frå ferskvatn finns det fleire soger frå ymse stader i landet, men i dag er det fyrst og fremst i Seljordsvatnet at folk stadig hevdar å sjå uforklarlege rørsler i vatnet.

Observasjonane i Seljordsvatnet reiser ei rekkje spørsmål: Kor truleg er det at det kan finnast eit stort dyr i Seljordsvatnet? Korleis kan eit slikt dyr ha kome dit? Og er Seljordsvatnet spesielt på nokon måte i forhold til andre middelstore innsjøar? Nokre enkle fakta om vatnet ser ikkje ut til å gje noko klårt svar: det er om lag 15 kilometer langt og nesten to kilometer breidt på det breidaste. Største djup er om lag 150 meter, medan gjennomsnittsdjupna er på mellom 50 og 75 meter. I norsk målestokk er Seljordsvatnet såleis ein heller grunn innsjø. Det kan og nemnast at det ligg fleire mil frå havet. I geologisk samanhang ligg vatnbassenget i 1000 millionar år gamle bergartar, i hovudsak kvartsittar, som gjev dårleg jordsmonn og næringsfattige vatn. Vitskapen er klår i si meining om at Seljordsvatnet umogleg kan innehalde ein sjøorm (dersom slike skulle finnast), og det er to viktige grunnar til dette. For det fyrste tilseier storleiken på vatnet at det er alt for lite til å kunne fø eit dyr, og då helst ein familie av dyr, på ti, femten eller tjue meters lengde. Alt ein veit om kva plass ville dyr av ein viss storleik treng tilseier at Seljordsvatnet ville vere som eit trongt lite akvarium for ein fleire meter lang sjøorm. For det andre var det for berre 10.000 år sidan ikkje noko Seljordsvatn, av di heile bassenget var fylt med is. Havet sto på den tida inn på Øvrebø-moen, altså ved den noverande austenden av vatnet, men det er svært lite truleg at det nokon gong har gått inn i sjølve bassenget.

Trass i desse avgjerande argumenta mot at det skulle finnast ein sjøorm i Seljordsvatnet held både fastbuande og turistar fram med å sjå merkjelege rørsler ute på vatnet, og merksemda rundt fenomenet har ikkje vorte mindre etter den store internasjonale sjøormekspedisjonen sommaren 1998, der Discovery Channel kjøpte eksklusive rettar til å dekkje søka etter ormen. Nokre venta seg kan hende at ekspedisjonen skulle gjere sensasjonelle funn. Slik gjekk det ikkje. Men analysane frå dei registreringane som blei gjorde er no tilgjengelege, og dei inneheld meir enn nok til å halde mysteriet ved like, i alle fall dersom ein har ein flik av tru ... .

Sist oppdatert 14.10.2011