Psykisk helse

Målet for det psykiske helsearbeidet i kommunen er å fremme sjølvstende, tilhøyre og å bidra til at menneske med ulike problem skal kunne meistre kvardagen sin.

Me gjev tilbod til menneske som slit med si psykisk helse, og tilbodet kan vere individuelt eller i grupper.

Me er ei lita avdeling som består av avdelingsleiar, psykiatrisk sjukepleiar og miljøarbeidarar. Avdelinga disponerar Moentunet med kontor og samtaletilbod, og Senteret med dag- og kveldsaktivitetar, i ein einebustad på Moen.

Psykisk helse yter tenester til vaksne som held til i Seljord kommune.

Mange slit med si psykiske helse, i varierande grad gjennom livet, av ulike grunnar. Dette fører ofte til isolasjon og inaktivitet. Me veit at fysisk aktivitet er sunt, og me legg difor vekt på fysisk aktivitet gjennom dei ulike tilboda, både individuelt, i grupper og uansett funksjonsnivå.

Dersom du ynskjer tilbod eller informasjon om tilboda, kontakt avdelingsleiar Anne Kari Straand Østerberg direkte,eller via fastlege, ev. bruk fylgjande søknadsskjema.


Kontoradresse: Moentunet, Kapteinsgata 25B, 3840 Seljord

Dagsenteret:
Tlf.
35 05 13 04 / 91 86 78 49

Miljøarbeidarar ved Senteret:
Anne Våle Barstad
E-post: anne.vaale.barstad@seljord.kommune.no

Inger Johanne Qvale
E-post: inger.qvale@seljord.kommune.no

Tove Anita Magnushommen
E-post: tove.anita.magnushommen@seljord.kommune.no

Gunn Elin Andersen
E-post: gunn.elin.andersen@seljord.kommune.no

Korleis kome i kontakt med psykisk helse:
- Ta kontakt med avdelingsleiar i psykisk helse
- Søknadsskjema


Tilbod frå avdeling for psykisk helse:

  • Individuelle samtaler
  • Individuell oppfylgjing etter behov
  • Ulike aktivitetar for å bryte /motverke isolasjon
  • Tilbod til familiar og pårørande
  • Oppfylgjing i grupper
  • Oppfylgjing til personar med samansette problem som rus og spilleavhengighet
  • Koordinering av tenester mellom 1. og 2. linjetenesta og andre instansar
  • Rettleiing til andre i hjelpeapparatet


Senteret har fylgjande tilbod:

  • Måndagsgruppe
  • Temakveldar på tysdagar
  • Friluftsgruppe på torsdagar
  • Fredagskafé

Ljosterapi
Ljosterapi har vist seg effektivt i behandling av vinterdepresjonar, samt søvnløyse.
Psykisk helse har kjøpt inn nødvendig utstyr som ein kan koma og nytte seg av. Tilbodet er gratis og går føre seg på Senteret.
For meir informasjon og eventuell påmelding, kontakt Magnus Rinde på 90 76 18 45/35 05 84 04

Pilgrimsvandring
Eit viktig mål for avdelinga er årleg deltaking i Pilgrimsvandringa til Røldal. Dette er ein viktig motivasjonsfaktor for dei ulike tilboda i avdelinga.
Me gjeng frå Grunge kyrkje til stavkyrkja i Røldal.
Vandringa går over 5 dagar siste veka i august. Me overnattar på campingplassar. Opplegget er tilpassa alle ved at det er mogleg å gå kortare eller ikkje gjennomføre alle etappane.

Aktuelle lenkar og telefonnummer:

Organisasjon

Telefon

Tilbod
Mental helse

81030030

Døgnope tilbod - 365 dagar i året
Si det med ord Nettstad viss du treng å dele ting med nokon
Hjelp til hjelp Portal for psykisk helse
Bekymringstelefonen Vaksne for Barn 81003940 Open alle kvardagar
Kirkens SOS 815 33300 Døgnope kriseteneste
Røde Kors hjelpetelefon for barn og ungdom 800 33321

Grønt nummer for deg som er ung. Måndagtil fredag
kl. 14.00-20.00

Homofiles ungdomstelefon 810 00277 Skeiv ungdoms hjelpe-og støttetelefon
Hjelpelinja for spilleavhengige 800 80040 Gratis telefon om og for folk som har problem med spel
Morild Heimeside for deg som har mor eller far med psykiske problem
Arbeidslivstelefonen 815 44544 Viss du treng nokon å snakke med om utfordringar i arbeidslivet
Helsedirektoratet Temasider om psykisk helse
Landsforeningen for pårørende innen psykiatri Uavhengig interesse-, omsorg-og kamporganisasjon for pårørande
Rådgjeving om spiseforstyrringar 948 17818 Frivillig brukarorganisasjon for menneske med spiseforstyrringar og deira pårørande
Landsforeningen for forebygging av selvskading og selvmord

472 94975

Rådgjeving og opplysning rundt temaet sjølvskading/sjølvmord for pårørande, brukarar, fagpersonar og andre.

Sist oppdatert 16.04.2012


Kontaktinfoprmasjon:

Anne Kari Straand Østerberg
Avdelingsleiar
Telefon: 35 06 51 33
Send e-post

Magnus Rinde
Psykiatrisk sjukepleiar
Telefon: 35 06 51 34/
90 76 18 45
Send e-post  

Adresse:
Moentunet, Kapteinsgata 25B,
3840 Seljord

Sjå også