Språkpraksis og arbeidspraksisplass

Flyktningar og innvandrarar som er i målgruppa for introduksjonsprogram skal ha eit heiltidstilbod frå kommunen. Den tida dei ikkje får skuleundervisning skal han/ho ha eit tilbod i ein bedrift eller annan arbeidsplass som gjev høve til å nytta norsk språk i praksis.

Språkpraksis er ein del av undervisninga. Deltakarar som har rett til Introduksjonsprogram har og plikt til å delta på språkpraksis.

Ein deltakar i språkpraksis skal ikkje erstatte ein vanleg arbeidstakar. Deltakaren skal lære seg norsk gjennom praktiske øvingar. Deltakaren skal kunne tilføre ein arbeidsplass to ekstra hender, mens deltakaren får praktisk språklæring attende. Ei bedrift som tek i mot deltakarar i språkpraksis blir fylgt opp og rettleia av ein lærar på vaksenopplæringa.

Arbeidspraksis er og ein del av undervisninga. Deltakaren har kome lengre i sitt program og arbeidspraksisplassen er konkret retta mot eit framtidig yrke, eller å tileigne seg kunnskap om arbeidslivet i Noreg. Aetat spelar ei viktig rolle i dette arbeid og flyktningtenesta hjelper deltakar å registere seg som arbeidssøkjar.

Dersom du kan tenkje deg å få litt ekstra hjelp mot å tilføre læringspotensiale til integreringsarbeidet i Seljord, då kan du ta kontakt med Vaksenopplæringa eller flyktningtenesta.

Språk- og arbeidspraksisplassar våren 2010:

  • Tussejuv barnehage: 1 stk
  • Heddeli barnehage:  1 stk
  • Prestegarden v/ Ola Bjørge: 1 stk
  • Telespinn AS, Svartdal: 1 stk
  • Nesbukti pleie og omsorgssenter: 1 stk
  • SFO Seljord: 1 stk
  • Heddeli Bu-og servicesenter: 2 stk
  • Rimi: 1 stk
  • Europris: 1 stk
  • Rema 1000: 1 stk
  • Dagsenteret, Psykiatrien: 1 stk
  • Statoil: 1 stk
  • Kåns restaurant: 1 stk
  • Bruktbui: 1 stk
  • Biblioteket: 1 stk

Vi har behov for mange fleire gode språkpraksisplassar!

Sist oppdatert 21.06.2011