Målsetting

Flyktningtenesta har som mål at dei innvandrarane og flyktningane som busett seg i Seljord skal få moglegheit til å leve eit fullverdig liv, så vel i arbeid og fritid, privat som sosialt.

For å nå målsettinga må integreringsarbeidet i kommunen være så godt og ekte som mogleg. Jo fleire som tek ein bit av dette ansvaret, jo betre vil resultatet bli.
Integrering skjer ikkje ved eit stortingsvedtak eller gjennom ein lov. Det skjer mellom menneskjer der menneska er; på jobben, i symjehallen, på fisketur, i butikken, på skulen, i venterommet, i Grannvin, på kommunen osb.
Såleis er integrering både ein menneskelege plikt som ein samfunnsplikt.

Sist oppdatert 21.06.2011