Flyktningguide

Frivillig deltaking

Seljord kommune har inngått ein partnerskapsavtale med Telemark Røde Kors og Seljord Røde Kors.  
Røde kors tek aktiv del i integreringsarbeidet på frivillig og personleg basis.
Dei arrangerer leksehjelp for vaksne og born. Dei koplar frivillige privatpersonar saman med flyktningar – Flyktningguide prosjektet.  

Flyktningguide

Ein flyktningguide er ein frivillig privatperson som vil bli kjent med ein av våre nye innbyggjarar. Guiden viser veg gjennom felles aktivitet og sosialt samvær. Det er heilt opp til kvar einskilt kor ofte ein møtast og kva ein gjer saman.
Ein guide er kopla i eit år.
Om guiden og flyktningen då ønskjer å halde fram med kontakten så er det opp til dei sjølve.  

Felles arrangement og turar

Flyktningtenesta prøver å aktivisere flyktningane med aktivitetar som er knytt til norsk kultur og tradisjon. Turane må ofte gå på fritid og og helg. Vi sett pris på privat initiativ som kan hjelpe oss med å få gjennomført turar utanom arbeidstida.

Sist oppdatert 21.06.2011