Flyktiningane i Seljord

Flyktningar i Seljord:
I Seljord bur det no 32 flyktningar inklusive borna. Desse er fordelt på åtte familiar. Flyktningane i Seljord kjem frå Eritrea, Tsjetsjenia og Somalia.

Borna:
Går inn i ordinære skuleklassar, i barnehagen og i SFO når dei kjem. Det er viktig at desse borna får ein god start i sitt nye heimland. Foreldra er ofte usikre på kva som gjeld her og kva som er bra for borna ut frå norske normer. Deltaking i organiserte aktivitetar som korps, idrettslag, speidar og anna er gode arenaer for å integrere borna, men for foreldra er det ofte nokre barrierar som ikkje er så lett å forsere. Kvar einskilt av oss kan derfor gjere noko for å gje nokon noko som døyvar heimlengsel og smerta frå traumatiske minnar.

Boligar:
Flyktningane som kjem til kommunen gjennom avtalar med IMDI har rett til ein plass å bu. Flyktningtenesta har ansvaret for å skaffe husvære til dei som kjem hit. Kommunen leiger inn private bustadar til dette formålet.

Kommunen treng fleire bustader og er garantist ved framleige til flyktningar.


Møblar:
Me er svært takksame viss nokon har møblar dei ikkje lenger har bruk for, eller vil selge rimleg.

Sist oppdatert 21.06.2011