Tinglysing
Kommunen får stadig spørsmål kva som skal gjerast etter at målebrevet er tinglyst. Korleis skal ein få overdrege eigedommen til kjøparen, kvar kan eg få tak i skøyte osv. Det som er klart er at dette er ei privatrettsleg oppgåve mellom kjøpar og seljar og som kommunen ikkje har noko arbeidsoppgåver relatert til. Er det spørsmål ein lurar på kring det å skrive skøyte og om kva dette bør innehalde, kan ein ta kontakt med Tinglysningskontoret.
Tilgang til elektronisk skøyte kan du laste ned frå denne sida.
Framgangsmåte ved tinglysning av skøyte.
Grunneigar utstedar skøyte i to eksemplar i kjøparen sitt namn. Dette skal vidare leverast tinglysingskontoret for tinglysning og i samband med dette må det betalast eit tinglysnings-gebyr og ei dokumentavgift. Alt etter konsesjonsstatusen på den fråskilde parsellen må det saman med skøyte også leverast dokumentasjon ang. forholdet kring konsesjon. Der overtakinga er fritatt for konsesjonsbehandling skal det leverst eigenfråsegn om konsesjons-fritak. Dette skjemaet må vere fylt ut både av kjøpar og seljar og i tillegg vere stadfesta av kommunen. Dette skjemaet kan ein få ved å ta kontakt med kommunen eller laste ned frå denne sida.
Samanslåing av eigedomar
Der ein eigedom består av fleire parsellar med eig gnr/bnr bør ein prøve å samanføye desse til eit register- nummer. Dette er gratis og ein vil få ein betre oversikt ved evnt. salg og overtaking av eigedommar. Det er ein fare t.d å utegløyme tilleggsareal ved sal, samstundes som det kan vera uoversiktleg i høve til pantehavarar og andre tinglyste hefte på eigedommen.
Skjema for krav om samanslåing av eigedomar kan du laste ned frå denne sida.
Sjå på sida til tinglysinga for meir informasjon.
Skjema
Elektronisk skøyte
Eigefråsegn om konsesjonsfritak
Sammenslåing av eigedommar
Søknad om deling
Sist oppdatert 02.02.2012