Søknad om deling/justering av grunneigedom.

Kva for skjema skal ein bruke?
Skjema kan ein og få ved å henvende seg til kommunen eller ved å gå inn på denne linken.  For at sakshandsamar skal kunne danne seg eit så godt bilde som råd av det aktuelle tiltaket er det viktig at alle relevante postar på skjema vert fylt ut.

Kort kommentar til skjemaet.

  1. Her fyller ein ut kva for eigedommar saka gjeld og kven som er heimelshavar (eigar). Ved grensejustering  må begge eigarane skrive under her. Husk også at ved felleseige må alle skrive under.
  2.  a) Kryss av for sakstype.    b) Fyll ut arealoppgåve og kva parsellane skal nyttast som.
  3. Ved dispensasjonssaker må det fyllast ut her.
  4. List opp naboeigedommane her, husk også på at det må leggjast ved gjenpart av nabovarsel som viser at alle aktuelle naboar er varsla om tiltaket. Her kan du også føre opp tinglyste rettar  som kviler på det aktuelle området.l
  5. a) Fyll ut minst avstandar  b) Kryss av for korleis avkjøring er tenkt ordna. c) Kryss av for korleis vatn og avløp er planlagd.
  6. Før opp dei vedlegga du har til søknaden t.d kart, dispensasjon, gjenpart av nabovarsel osv.
  7. Opplysningar og underskrift av alle som har grunnboksheimel.

Kvar skal ein levere søknaden?
Søknad om deling skal leverast Seljord kommune. Saka vil her verta journalført og overlevert til sakshandsamar.  Adresse for levering er Seljord kommune, Teknisk avdeling, Brøløsvegen 13 A , 3840 SELJORD.

Handsaming av søknaden.
Søknaden vert gått gjennom og ved eventuelle manglar eller feil vil denne verta returnert til søkjaren. Før ein tar saka opp til handsaming må ein innhente fråsegner/vedtak frå  andre offentlege myndighetar der dette er nødvendig, det kan t.d vere løyve om avkjøring frå veg der Statens vegvesen må kontaktast. I einskilde tilfelle vil saka også verta sendt til Fylkesmannen før ein tek den opp til behandling.
Ein viktig del av sakshandsaminga etter plan- og bygningslova vil vere å sjekke planstatus. Er delingsforslaget i strid med planstatusen må det søkjast om dispensasjon jf pbl. kapittel 19. Andre viktige moment vil vere korleis ein har tenkt å løyse tilkomst for den fråskilde parsellen, er det tenkt ny bilveg fram, bruk av eksisterande veg, gangveg, parkering osv. Korleis ein har tenkt å løyse vassforsyning og avløp må også kome klart fram. Er det vidare slik at delinga omfattar landbrukseigedommar/areal må saka også behandlast etter jordlovas §12.
Ei samla vurdering av sakas realitetar vil føre fram til utfallet av saka. Det vil også vere ei vurderingssak om saka skal leggjast fram for politisk behandling i planutvalet eller om ein kan ta saka innafor delegasjonsreglementet. Avslag på delingssøknad er eit enkeltvedtak som kan påklagast etter Forvaltningslova si § 28.

Tips
Legg med eit skriv som forklarar litt om bakgrunnen for søknaden, spesielt er dette viktig ved dispensasjonssaker der sakshandsaminga krev grunngjeve søknad jf pl.bl kapittel 19. Pass på at postane i søknadsskjemaet er fylt ut og at alle vedlegg ligg med, spesielt viktig med gjenpart av nabovarsel.
Oppmåling av tomta
Etter at søknaden er godkjent og gebyr for dette er betala, vert saka oversendt sakshandsamar for oppmålingssaker for vidare handsaming etter matrikkellovas reglar.


Aktuelle lenker
Plan og bygningslova
Matrikkellova
Forskrift Matrikkellova
Lokale Forskrifter
Gebyrregulativ
Skjema

Sist oppdatert 16.12.2011