Matrikkellova

I frå 01.01.2010 er all sakshandsaming i samband kart- og oppmålingssaker underlagd reglane i den nye Matrikkellova. Dette inneber ein meir omfattande saksgang med større  fokus på klarlegging av tredje parts rettigheiter, kvalitetskontroll på målearbeid og tidsfristar for sakshandsaming m.m. Det er kome inn nye sakstypar,  det er innført endringar rundt tinglysing og det er endringar rundt utskriving av matrikkelbrev. I tillegg til dette så er det eit mål at etterslepet av gamle saker skal fjernast innan ein tidsramme på nokre få år. Alt dette vil naturleg medføre eit auka arbeids- og tidspress innan fagområdet, men det er eit mål ifrå vår side å kunne tilpasse oss dette nye regelverket på ein måte som gjer oss i stand til å yte minst like god kundeservice som tidlegare. Slik det ser ut nå må nok kundane likevel måtte kunne forvente at me må tilpasse sakshandsamingstida slik at dei enklaste sakene, som ein meir eller mindre tok på sparket tidlegare, nå kan få noko lengre sakshandsamingstid etter den nye lova. Dette på grunn av at det no er kome mykje strengare reglar for utferding av midlertidige forretningar og at dei klart definerte tidsfristane har medført at kommunen har innført ”vintertid” i oppmålingssaker. Dette betyr at ein ikkje reknar sakhandsamingstidsbruken til å gå mellom 1. november og 30 april.

Sist oppdatert 23.12.2011