Kjøp av kommunale tilleggsareal

Ynskje om kjøp av ein mindre parsell frå kommunal grunn kan rettast til Teknisk avdeling. Saman med skriftleg søknad som fortel kvifor ein ynskjer å kjøpe arealet må det ligge eit situasjonskart som viser tilleggets storleik og plassering.

Det er utarbeida retningslinjer for sal av kommunal grunn vedtekne i formannskapet den 11.11.2002 som lyder:

  • Alle bustadtomter i kommunen som får kjøpt tilleggsareal, og ikkje har fastsett pris pr. kvm. frå før, skal betale 20,- Pr kvm. grunn.
  • Bustadtomter som dei siste 5 åra har fått tilleggsareal målt opp ved mellombels forretning, skal no ved oppmåling og utskriving av målebrev, grense regulerast slik at evt. tilleggsareal kjem med.
  • Oppmålingsgebyr og tomtekostnad skal bli tatt med i same faktura for tilleggsareal nemd i punkt2, faktura på dette skal sendast samla og innbetaling skal vere gjort før målebrevet sendast tinglysning
  • Tomteareal under 500 kvm reknast som tilleggsareal.

Det er formannskapet som behandlar søknad om kjøp av tilleggsareal frå kommunal grunn.

Etter ein godkjenning i formannskapet vil saka gå til behandling etter plan- og bygningslovas reglar og då vil kommunen stå som rekvirent av søknaden.

Ein trinnvis saksgang i kjøp av areal frå kommunen er:

  • Godkjenning av søknad om kjøp av tilleggsareal, formannskapet.
  • Godkjenning av søknad om frådeling av tilleggstomt, planutvalet.
  • Kartforretning med grensegang og oppmåling av tomta, utarbeiding av nytt målebrev, Teknisk avdeling, oppmålingsansvarleg
  • Innbetaling av tomtekostnad og gebyr for oppmåling.
  • Tinglysing av nytt målebrev.

Sist oppdatert 16.12.2011