Adresser
Offisielle adresser/gateadresser i Seljord kommune.
Hovudformålet med å ha offisielle adresser, kombinera med skilting og kartfesting, er å gjere det praktisk mogleg å finne fram til eigedommar og personar eller aktivitetar knytt til desse. Ei eintydig og presis offisiell adresse er med andre ord viktig for besøkande, drosjer, elverk, postverk, televerk, varetransport, brannvesen, politi og sjuketransport.
Seljord kommune har no laga nytt tur- og adressekart for heile kommunen. Dette markerar at adresseringsarbeidet som har pågått i nokre år no er ferdig. Det står att noko skilting av sidevegar som er planlagd gjennomført til våren. Det er nå opp til innbyggjarane å ta i bruk den tildela adressa. For det første er det veldig viktig å sette opp nummerskilta som er mottekne på ein godt synleg plass. I tråd med dei føresegnene som er utarbeida for husnummerskilt pliktar huseigar å sette opp skilta i tråd med gjeldande vedtekne reglar. jfr. plan- og bygningslovas §105 og 112.
For det andre bør ein sjekka at ein er registret med rett adresse i folkeregisteret. Nokre har sikkert merka at ein på offentleg post ikkje har rett adresse, dette indikerar at ein kan vera oppført med feil adresse. Har ein feil adresse i folkeregisteret må ein få retta dett opp så snart som råd. Ved endring av adresse kan ein nytte skjemaet som ligg nedst på denne sida eller gå inn på denne nettsida http://www.skatteetaten.no/Templates/Skjema.aspx?id=7512&epslanguage=NO
Adressendring sendast til Skatt sør pb 2412, 3104 Tønsberg
Spørsmål må ein rette til folkeregisteret på tlf: 80080000 (gratis), dette er dessverre noko som kommunen ikkje kan bistå med. All flytting frå ei adresse til ei anna skal meldast til folkeregisteret, sjølv innafor kommunen.
Dei som får tildela ny adresse ved nybygging må skaffe seg husnummer- skiltet sjølve, det enklaste er å ta kontakt med ein av jernvareforretningane i bygda.
Ei oppfordring til alle som ikkje har sett opp skiltet endå, gjer dei i dag, i morgo kan det vera for seint.
Flyttemelding til Folkeregistret
Sist oppdatert 23.12.2011