Kart og oppmåling

Seljord kommune har dei siste åra hatt eit gjennomsnitt på ca 50 – 60 nye oppmålingssaker i året, og i tillegg har ein stort etterslep på gamle saker.
Dette medfører at det kan vere noko ventetid på gjennomføringa av sakene.
Det er også viktig å merke seg at t.d ein frådelingssak har fleire ”milepælar” som er med på å gjere at sakshandsamingstida kan virke lang. Her kan ein nemne viktige ting som uttale hjå vegmyndigheit og fylkesmannen, planutvalsbehandling, naturgjevne forhold som vinter med mykje sno osv., så det er ikkje slik at samla medgått tid heilt og halde er i sakshandsamars sine hender.

Seljord kommune disponerar moderne GPS/Glonass satellitt landmålingsutstyr frå Topcon til å utføre landmålingsarbeid med. I tillegg har kommunen eigen Totalstasjon.Kommunen har heildekkande digitale kartdata som ein kan få innsyn i ved å bruke kartportalen i Vest-Telemark.
Euref89 vart innført som geodetisk grunnlag i kommunen frå 06.02.2006.

Kart over Vest-Telemark
Du kan zoome deg inn på den einskilde kommune, eller eigedom om du ynskjer det.
For meir detaljert kart så kan du gå inn her

Sist oppdatert 02.02.2012