Gratulasjonar til glade vinnarar!
Kulturpris og kulturstipend -
les kva Tore Skaug skriv om tildelinga på Granvin 17. mai
Kulturprisvinnar Svanhild Verpe Moen (tv) og kulturstipendiat Marie Tveiten flankerer prisutdelaren, seljordordførar Solveig Sundbø Abrahamsen.
To dugande Seljord-jenter blei varmt hylla på 17. mai-festen av eit fullsett kulturhus. Svanhild Verpe Moen fekk kulturprisen – Marie Tveiten kulturstipendet.
- Ho er knallgod i økonomi! sa ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen da ho overrekte den tungtvegande kulturprisen, Ellen Grøstad Barstads flotte statuett. Svanhild Verpe Moens økonomiske sans har både idrettslaget og andre lag i bygda nytt godt av, samtidig som ho har oppretthalde sitt engasjement innan handballen som trenar og lagleiar, poengterte ordføraren ved hjelp av sjekken på 20 000 kr, signert av Seljord kommune og Seljord Sparebank.
Banken og kommunen står også bak kulturstipendet som skal tene til oppmuntring for unge talent innan kulturområdet, og at valet i år fall på Marie Tveiten, berre 17 år, men eit utvilsamt fiolin- og feletalent, var tydelegvis også populært.
Den unge seljordjenta starta heime i musikkskulen, har vore med i juniorspelemannslaget og går nå på musikklinja i Skien og har hardingfele som hovudinstrument og Per Anders Buen Garnås som læremeister. Men ho held kontakten med heimemiljøet, og 16. juni får heimepublikum høve til å høyre henne og andre folkemusikktalent på ein konsert på Granvin.
- Ein fjerdeplass på Landskappleiken burde tale for seg, sa ordføraren da ho overrekte diplom
og sjekken på 15 000 kroner.
Som vanleg eit innhaldsrikt kulturprogram på folkefesten i Seljord med Tusseleiken, Seljord Juniorspelemannslag og Seljord Songlag på scenen. Årets 17. mai-talar var Finn Abrahamsen, pensjonert avdelingssjef i Oslopolitiet, med balanserte synspunkt på barnas situasjon og – som hytteeigar i Åmotsdal – sans for kultur- og festivalbygda Seljord.
Tekst og foto: Tore Skaug
Sist oppdatert 21.12.2011