Behov for nye fosterheimsplassar

I veke 12 skal Bufetat Skien ha ein kampanje i Seljord, med mål om å rekruttere nye fosterheimar. Det vil vere stands på Telesenteret og Granvin kulturhus, og det vil bli informasjonsmøte ved ulike arbeidsplassar.

I veke 12 skal Bufetat Skien fosterhjemstjeneste ha ein kampanje i Seljord, med mål å rekruttere nye fosterheimar.

26 barn i Telemark ventar no på ein ny familie. Seljord er vald fordi det er få fosterheimar der, og fordi kommunen ligg midt i Telemark.
Her kan barn f.eks fra Skien og Porsgrunn få ein ny heim utan at avstanden blir for stor. Men fosterhjemstjenesten ønsker fleire familiar i heile fylket, ikkje berre frå Seljord.  

I kampanjeveka kjem Barnehjemstjenesten til å vere synlege med stands både på Telesenteret og Granvin kulturhus, og ved å halde informasjonsmøte på ulike arbeidsplassar. Dei skal også dele ut brosjyrer på spinning, symjing og kirkekonsert.
NB - Kommunetilsette i Seljord får besøk i lunsjen tysdag 23. mars.  

Litt av programmet:   

Heile veka: Stand på Telesenteret i åpningstidene, delvis betjent.
Man 22. mars:  kl. 10.30-11.30: Stand på Nesbukti pleie-og omsorgssenter
Tysdag 23. mars:
- Kl 11.30: Utdeling av brosjyrer i lunsjen, Seljord kommunehus.
- Kl 18.00: Utdeling av brosjyrer til dei som symjer på Seljord vgs.
- Kl 18.45: Utdeling av brosjyrer på spinningtimar, Granvin kulturhus
- Kl 21.00: Kirkekonsert i Nes kyrkje, Gvarv
Onsdag 24 mars: Stand på Granvin kulturhus om formiddagen
Torsdag 25 mars: Kl. 11-11.30: Informasjonsmøte i lunsjen på Seljord vidaregåande skule.  

Se fullstendig program på nettsida: www.fosterhjem.no/skien

Sist oppdatert 25.05.2010

Relevante Artikler
Barn, unge og familie
Sjå også