Gå til innhold

Sjokoladekappleiken 2010

Seljord juniorspelemannslag, Tusseleiken og Seljord spelemannslag ynskjer velkomne til den 12. Sjokoladekappleiken, Granvin kulturhus, laurdag 20.mars 2010 kl 12.00

Påmelding frå kl 11. Førehandspåmelding kan også skje til Brit Merete Funner, tlf. 986 13 975  eller e-post: bmfunner@online.no  

For registreringsarbeidet er det til stor hjelp med førehandspåmelding av grupper eller lag; helst med namn på dei som er med i laget, alder, adresser og gjerne kven dei har lært av.    

Born og deltakarar gratis / vaksne kr 50,-

Me spanderer saft, kaker og kaffi! Pølser og brus vert å få kjøpt.  

Alle er hjarteleg velkomne!  

Sjå plakat her.  

 Sjokoladekappleik 09

Kva er Sjokoladekappleik?
Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med folkemusikk (spel, dans og kveding) kan delta. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena. Tiltaket er så bra at Landslaget for spelemenn (Lfs) har teke det inn i handlingsprogrammet sitt som eit satsingsområde. Sjokoladekappleikane som vert arrangert i Bø og Seljord er malar for dette.   Det er viktig å ha ein arena for å vise fram det ein driv med innan musikk og dans, og det er viktig å starte i ung alder for å bli trygg på scena. Først og fremst er det moro på Sjokoladekappleik!   I fjor var det ca 40 ulike innslag på scena. Det var kring 100 born som spela, song og dansa på Granvin. Ungar frå mange kommunar deltok. Dei kom frå Bø, Hjartdal, Nome, Seljord, Tokke, Vinje og Asker!   Det er 12.gongen Sjokoladekappleiken i Seljord vert arrangert. Første gong var i april 1999. Alle gongane har det vore stor deltaking av ungar i alderen 4 – 20 år. Vi har kjøpt inn litt skikkelege premiar; m.a. Cd-ar med folkemusikk til dei som vågar seg frampå scena heilt åleine. Det blir utdeling av Magne Manheims inspirasjonspris for 6.gong.   Hjarteleg velkomne til Sjokoladekappleik 2010 alle saman – deltakarar og publikum!

Sist oppdatert 04.03.2010