Informasjon frå kommunelegen om svineinfluensaen

Her fylgjer ein oppdatert informasjon.

INFLUENSA A(H1N1) – EI OPPDATERING

Mange i Seljord har no fått erfaring med den nye influensaen A(H1N1). Dei fleste som har vore eller er sjuke, er barnefamiliar.
Dei aller fleste har opplevd sjukdommen som ein vanleg influensa som ikkje treng behandling, og som tek ei vekes tid før ein er frisk att.
Folk har vore flinke til å handsame dette sjølve, og eg vil nytte høve til å gje ros til pasientane våre som ser ut til å ha tatt mediehysteriet rundt ”svineinfluensaen” med ro.

Framleis gjeld desse råda om influensa og behandling:
Viss du blir sjuk med plutseleg høg feber og typiske influensasymptom, har du truleg den nye influensaen.
Han varer typisk i 3-5 dagar.
Behandlinga er rikeleg drikke, ro og paracetamol.

Du bør kontakte lege dersom du blir sjukare enn forventa, får tungt for å puste eller feberen held seg høg sammanhengande i meir enn ei veke.
Dei fleste treng ikkje kontakt med lege.

Sjukdommen smittar berre under utbrot, vanlegvis sju dagar frå du blir sjuk.

Hald deg mest mogeleg unna andre folk medan du er sjuk.

Det er no mogeleg å få medisinen Tamiflu på apotek utan kontakt med lege dersom du er svært dårleg av influensaen, høyrer til ein av risikogruppene eller har personar med risiko for komplikasjonar i husstanden din.
Personar med høg risiko for komplikasjonar kan og ta Tamiflu førebyggande dersom ein annan person i familien blir sjuk.

Vaksinering:
Seljord er no ferdig med fyrste runde av vaksinering av risikogruppa.
Det vil kome tilbod om vaksine til alle som ynskjer dette, men ikkje før om nokre veker.

Tidspunkt for vaksinering vil bli annonsert i lokalavisa Vest-Telemark Blad og på nettsidene til kommunen.

Sist oppdatert 25.11.2009